Donate to Links


Click on Links masthead to clear previous query from search box

GLW Radio on 3CR



Recent comments



Syndicate

Syndicate content

Å bygge sosialisme for det tjueførste hundreåret: intervju med Michael A Lebowitz

[For more articles by or about Michael Lebowitz, click HERE.]

[English at http://links.org.au/node/3355.]

Michael A Lebowitz intervjua av Darko Vesić og Aleksandar Stojanović.

– Kapitalismen har vore i krise i mange år no, og dei kapitalistiske statane svarer på krisa med såkalla innstrammingstiltak. Ser me på dynamikken til kapitalismen dei seinaste femti åra, så var svaret på krisa på 1970-tallet det som no er kalla «nyliberalismen». Om ny vekst er svaret på krisa, kan me seie at nyliberalismen på 70-tallet hadde suksess. Men gjeld det same dagens «innstrammingstiltak»?

- Eg trur me må sjå på somme av premissa i spørsmålet. For det første meiner ikkje alle marxistar at kapitalismen som eit heile er i krise, i motsetning til kapitalismen i spesielle område. For det andre, om kapitalismen er i total eller partiell krise, kva er årsaka?

Eg byrjar med vekta Karl Marx la på overakkumulasjon. Kapitalen har ein tendens til å akkumulere og ekspandere utan å bry seg om antagonistiske tilhøve der han jobbar. Marx sa at den grunnleggande motseiinga i utvikla kapitalisme er tendensen til overproduksjon. Med andre ord har kapitalen ein tendens til å vekse for mykje, og når det skjer, får han problem med å omgjøre latent meirverdi (som han drar ut av arbeidarane) til verkeleg meirverdi – han har med andre ord eit realiseringsproblem. Og om kapitalen ikkje kan gjøre latent meirverdi til profitt, korfor produsere han?

Så skjer dei ned produksjonen, det skaper arbeidsløyse som gjør problemet større og meir rotfesta. Legg til øydelegginga av det Marx kallar fiktiv kapital (verdiar som til dømes aksjekursar) som bare har minimale band til den reelle underliggande økonomien, og som sprekk dramatisk når det blir problem i realøkonomien. Kapital blir øydelagt i slike kriser, og det gir grunnlag for å fornye syklusen. Kriser er ikkje permanente, sa Marx.

Eit av dei første tydelege teikna på overakkumulasjon er auka konkurranse mellom kapitalistane. Dei konkurrerer for å realisere den profitten som ligg latent i varene dei sender ut på marknaden. Men alle kapitalar er ikkje like. Problemet overakkumulasjon ligg ikkje like tungt på alle kapitalistar. Gamle kapitalar svir meir enn dei nye og ekspanderande som særleg har bidradd til overakkumulasjon.

Erfaringane stadfestar teorien om overakkumulasjon. Intensivert konkurranse byrja seint på femtitallet. Som økonomisk analytikar i kvitevare- og elektroindustrien i USA kunne eg sjå dette: Mot slutten av femtiåra var industrimagasina fulle av diskusjonar om problema importen frå Europa skapte. «Kjøp amerikansk» blei slagordet i bransjen, og eg er viss på at det vart kopiert i andre bransjar i USA. Dei spesielle vilkåra etter andre verdskrigen som gav grunnlaget for den såkalla «gylne åra» var borte. Det same gjentok seg så for europeisk og japansk kapital. Multinasjonale selskap utanfor USA vaks mykje raskare. Etter det kom den enorme veksten i produksjonskapasitet i land som Kina, India, Brasil, Russland og Sør-Afrika (altså BRICS-landa).

Effekten av overakkumulasjonen har ein merka særleg i USA, EU og alle dei gamle kapitalistiske sentera. Men er det krise for kapitalismen totalt? Ikkje om du ser på Kina, India, Brasil og mange andre nye kapitalistsenter. Me ser ei tydeleg internasjonal restrukturering av kapitalismen (synleg i skiftet frå G7 til G20). Det er sjølvsagt krise i desse gamle kapitalistsentera. Det er ikkje nødvendigvis krise for kapitalistiske selskap, fordi dei kan flytte til nye senter der det er lågare lønn og ny produksjonsteknikk (og gammal utan vern for arbeidarane), og dermed oppnå svært profitabel produksjon. Dei same selskapa som produserte i gamle kapitalistsenter kan i aukande grad produsere utanfor og sende tilbake komplette produkt eller halvfabrikata til ferdigstilling i dei gamle sentera.

Det er eit vanleg mistak å sjå kapitalisme ganske enkelt som kapitalismen i dei gamle sentera. Særleg analytikarar i dei gamle sentera gjør det. Men om me skal analysere stoda for kapitalismen i dag, må me undersøke verdskapitalismen, ikkje ein del av han. Ein finger kan ikkje representere ti.

I denne samanhengen (med spesifikke kriser), korleis svarer kapitalen og kapitalistiske regjeringar i den gamle verda? Ver meir konkurransedyktige. Øydelegg fagforeiningane, ta bort det sosiale sikringsnettet, reduser forventningane, og tving folk til å jobbe meir for mindre. Og for å oppmuntre kapitalen til å bli og ikkje dra frå den gamle verda, reduser skattane og gi fleire insitament til å investere her.

Det var dette som skjedde under nyliberalismen. Men eg skil eigentleg ikkje mellom nyliberalismen og innstrammingspolitikken. Begge er del av det same svaret frå dei gamle sentera. Innstrammingspolitikken bygger vidare på eksisterande nyliberal politikk, på grunn av presset frå budsjettunderskota. På mange vis er dei resultatet av den opprinelege nyliberalismen som skapte låge lønningar, arbeidsløyse og fallande produksjon, og lågare skatt for kapitalen og høginntektsgruppene.

Politikken held kort sagt fram. Kampen går vidare – kampen mot arbeidarane i den gamle verda for kapitalens del. Kan den politikken skape vekst? Nyliberalisme og innstramming kunne teoretisk skape vekst i eitt land om dei var aleine om politikken. Dei ville tene på kostnad av dei andre. Men me må alltid hugse problemet med å forveksle delen med heilskapen: Det som er sant for ein er ikkje nødvendigvis sant for alle samtidig. Om alle fører same politikken, vil hovudeffekten vere at stoda blir verre. Så korfor blir då nyliberalisme og innstramming fremma som hovudlinje? Korfor går den internasjonale kapitalen som dominerer den gamle verda inn for denne politikken i alle land? Ganske enkelt fordi det er ein måte å kue arbeidarane på i dei enkelte landa.

– Somme maulege svar på krisa i dag er å ta opp att den keynesianske velferdsstaten, der auke i skatten og statleg pengebruk skal føre til auka økonomisk aktivitet og heva levestandard. Men når me veit at kapitalen stadig lettare kan flytte, og at keynesianismen som økonomisk politikk for velferdsstaten bare kom til gjennom press frå ein organisert arbeidarklasse, korleis kan me i dag sjå for oss ei tilbakevending til den keynesianske modellen?

Den keynesianske modellen med å auke etterspørselen gjennom statleg pengebruk fungerte godt som teori så lenge folk brukte den ekstra inntekten i sitt eige land, der politikken blei sett ut i livet. Det var ei nasjonal løysing for nasjonal kapital. Den fungerte til ein viss grad i dei såkalla «gylne åra» fordi økonomien var nasjonalt basert. Truleg kunne ein få til det igjen om det samtidig vart gjennomført omfattande proteksjonisme.

Men handelsbalansen og utanlandsgjeld ville med dagens forhold gi eit land store problem om dei freista gjennomføre ein slik politikk aleine. Somme vil meine at keynesianisme ville fungere om alle land tok han i bruk samtidig – det vil seie ein internasjonal keynesianisme eller reflasjonspolitikk*. Det kunne fungere om me snakkar om det relative tilhøvet mellom kapitalen i den gamle verda. Men det er ikkje sannsynleg at kapitalen i dei nye sentera ville gjennomføre ein slik politikk samtidig. Ein slik politikk kunne gi ei lette kortsiktig om han fekk følgje av proteksjonistiske tiltak, eller motstykket – kraftig devaluering.

Kapitalistiske regjeringar kan prøve slike tiltak i desperasjon i framhaldet av den noverande krisa. Men det underliggande problemet med verknadene av overakkumulasjon i dei gamle sentera ville stadig vere der, og det vil alltid vere insentiv til at enkeltland kan bryte ut og stø seg på meir innstramming for å bli meir konkurransedyktige, eller devaluere (igjen ei løysing der delen blir forveksla med heilskapen).

Kort sagt trur eg ikkje keynesianske tiltak vil løyse problemet for landa som tar verste støyten av denne restruktureringsprosessen. Så kva er alternativa? Utan at arbeidarane kjempar mot kapitalens åtak, vil kapitalen vinne fram slik han har gjort siste tida. Det er krise for kapitalen i desse sentera, men ikkje krise for kapitalismen. Ei krise for kapitalen krev ein arbeidarklasse som er klar til kjempe for å gjøre slutt på kapitalismen, og eg meiner at alle slike kampar må ha ein visjon om ein alternativ sosialistisk modell.

– Når me snakkar om sjansane for å bygge sosialismen i dag, hevdar kritikarar og motstandarar at med erfaringane frå den «eksisterande sosialismen» (i dei tidlegare sosialistiske statane i Aust-Europa og Sovjetunionen) er dette alternativet etter deira meining fullstendig uttømt. Faktum er at desse samfunna var prega av mange motseiingar. På den eine sida skapte dei ei brå modernisering i ein del av verda som elles ville vore perifer, og for visse delar av befolkninga betydde det betre levestandard. På andre sida, trass i at det herskande sjiktet hevda seg representere interessene til arbeidarklassen, så var desse landa oppfatta som djupt udemokratiske. Fortroppspartiet vart sett som reiskap for å utbytte ein del av befolkninga (arbeidarklassen) som dei sa seg representere. Kva for strukturelle forhold førte til det?

Etter Sovjets suksess med rask industrialisering, var det ei alminneleg oppfatning (au i Jugoslavia fram til 1950) at det bare var éin modell for sosialisme, og alle land som ville bygge sosialisme måtte følgje den modellen.

Denne modellen bygde på fortroppar i produksjonen. Kjerna i modellen er postulatet om at fortroppen veit alle svara. Bare fortroppen (som orkesterdirigenten) kan sjå heilskapen, bare fortroppen kjenner planen, i motsetning til individuelle spelarar som har spesifikke roller og inga kjensle av heilskapen. Derfor er det ansvaret til fortroppen å levere sosialismen til det underordna folket, å gi ei gåve frå dei som veit til dei som ikkje veit.

Men for å gjøre det må fortroppen kreve same disiplin som orkesterdirigenten. Befalingar ovanfrå og hierarki gjennomsyrer den modellen, ikkje hovudvekt på utvikling av menneskelege evner. Det er ein prosess som krev initiativ og deltaking nedanfrå, og ganske visst høve til å delta i spontane aktivitetar.

I boka mi, Contradictions of ‘Real Socialism’: the conductor and the conducted, ser eg dette som ei grunnleggande motseiing i det som vart kalla «reelt eksisterande sosialisme» – det arbeidande folket var ute av stand til å utvikle nødvendige evner for å utvikle ein sosialistisk økonomi. Og eg meiner det same vil bli resultatet overalt der ein følger denne modellen – enten økonomien er underutvikla eller utvikla.

Ser me på Sovjetunionen der modellen vart skapt, trur eg det er viktig å forstå at ingenting var uunngåeleg. Det fanst alltid val. Til dømes understreka Lenin behovet for å bygge kooperativ på landsbygda i 1923. Synet hans var at det var absolutt naudsynt for å bygge sosialisme. Han døydde kort etter, og det blei gjort svært lite i den retninga.

Generelt trur eg ein alltid står framfor val når ein prøver å bygge sosialisme: Det er eit val mellom å gi ordre ovanfrå, og legge til rette for at folk kan utvikle sine evner nedanfrå (slik det dramatisk skjer med utviklinga nabolagsråd og kommunar i Venezuela).

Sjølvsagt er det objektive avgrensingar i spesielle tilfelle. Visst så i tilfellet Sovjetunionen var det problemet med borgarkrigen, ein øydelagt økonomi, og sjølvsagt relativt tilbakeståande økonomi, og truslane frå imperialismen. Særleg førte truslane frå imperialismen til at ei sakte, organisk utvikling vart ein luksus. Men eg trur at med større forståing for økonomien på landsbygda kunne ein unngått den massive øydelegginga som vart resultatet av kollektiviseringa.

– Jugoslavia stod for eit unntak i forsøka på å bygge sosialisme. Etter konflikten med Sovjetunionen starta Jugoslavia sin «veg til sosialismen», kjenneteikna av eksperiment med marknader og sjølvstyring. Forsøka på å innføre sjølvstyring for arbeidarane er det mest interessante for dei som freistar bygge eit samfunn som ikkje er basert på kapitalens despoti. Men bare å nemne «sjølvstyring» i tidlegare Jugoslavia i dag blir møtt med ein viss kynisme. Kva for strukturelle vilkår gjorde sjølvstyring til ein lite framgangsrik måte å organisere økonomisk aktivitet? Korleis skal venstresida i dag svare på slike innvendingar?

Når det gjeld Jugoslavias erfaringar med marknadstilpassa sjølvstyring, er det viktig å peike på det enorme samfunnsmessige potensialet som ligg i eit samfunn bygd på sjølvstyrte arbeidarar, i å utvikle folks evner, sjølvkjensle og sjølvrespekt.

Men me må au vere klare på det feilaktige i å prøve bygge sosialisme utan hovudvekt på å bygge eit samfunn basert på solidaritet. Den jugoslaviske sjølvstyringsmodellen med vekt på individuelle og separate selskap som freista å maksimere inntekta til sine individuelle medlemmer er absolutt ikkje oppskrifta på å bygge eit sosialistisk samfunn. Slik eg påstår i boka mi The Socialist Alternative: real human development, fostrar hovudvekt på eigeninteresse trekk som kjenneteiknar kapitalisme og ikkje sosialisme.

Dette er noko Che Guevara forstod då han studerte den jugoslaviske modellen. I 1959 sa han at konkurranse mellom arbeidarane forvrengte sosialismens sjel. Og etterpå skreiv han i Man and Socialism in Cuba at ønskedraumen om at ein kan oppnå sosialisme ved å stole på vareproduksjon og individuelle materielle interesser er ei blindgate, og at «det er vanskeleg å finne ut akkurat kor du gjekk feil».

Eg synest det er ei god framstilling av det som skjedde med marknadstilpassa sjølvstyring i Jugoslavia, men i dag bør me kunne slå fast kor dei gjekk feil. Det er vesentleg å sjå kva som var positivt (både faktisk og potensielt), og kva som er problematisk med modellen. Den sosialistiske visjonen som vart eit mål i Venezuela – ideen om sosialisme som eit organisk system kjenneteikna av (a) samfunnsmessig eige av produksjonsmidla, (b) samfunnsmessig produksjon organisert av arbeidarane, og (c) produksjon for sosiale behov og formål (det Chavez kalte «den grunnleggande sosialistiske trikanten») – kan opne diskusjonen igjen på ein måte som kan appellere til mange som er kyniske.

- I dag er Venezuela eit synonym for «sosialisme i det 21. hundreåret». Det er vel kjent at du på eit punkt i karriera di deltok i forsøket på å bygge sosialisme i Venezuela. Ut frå den erfaringa, korleis ser du på sjansane for å bygge sosialisme i periferien av kapitalismen generelt, det vil seie i den posisjonen der Serbia er i dag? Korleis ser du for deg vegen mot det målet, det vil seie kva for spesifikke verktøy må sosialistar bruke? Og for det andre, korleis ser du for deg måten ein må bygge systemet – korleis skil det seg frå såkalla «reelt eksisterande sosialisme», og kva er grunnlaget for å påstå at den nye sosialismen kan unngå dei motseiingane som førte til at «den gamle» snubla?

Å vere i periferien er i seg sjølv ikkje tilstrekkeleg til å identifisere ulike samfunn. Store delar av befolkninga i Latin-Amerika lever med ein enorm nedarva fattigdom, eit enormt underskot. Effekten av nyliberal politikk frå 80-tallet, og USAs rolle i å halde oppe slike utruleg urettferdige samfunn var viktige faktorar i mobilseringa av massane mot oligarkia i dei ulike landa.

Men tilhøva i Serbia og andre delar av den europeiske periferien er ganske annleis. Desse svake økonomiane har påført arbeidarane harde slag på grunn av kapitalens forsøk på å løyse sine kriser. Men Serbia og andre land med erfaringar frå å bygge sosialisme har noko Latin-Amerika manglar – minna om tiltrekkande element i dei gamle samfunna, og rettferdskjensle og rettvise som kan bli grunnlag for å mobilisere folk. Og det er startpunktet for å svare på det kapitalistiske åtaket.

Men eg trur det er viktig å organisere grundig på grasrota, med komitear på lokalnivå slik som i den anti-fascistiske frigjøringskampen. I Venezuela er ei av dei viktigaste politiske og teoretiske nyvinningane opprettinga av nabolagsråd for grovt rekna 100-200 familiar i byområde (og 20 på landsbygda), og desse råda er det Hugo Chavez kalla «celler i den nye sosialistiske staten». I den grad du styrkar folk på lokalnivå, og folk ser desse institusjonane som kjelde for å fastlegge sine behov, då bygger du eit solidarisk samfunn som kan hindre at dere tar opp att historia.

(Intervjuet kan lesast på serbisk her:

http://pe.org.rs/osvrti/michael-a-lebowitz-socijalizam-za-21-vek/)

Notar

Michael Lebowitz snakka om «Kopiering og motseiingar i sosialismen» 6. mai 2013 i Senter for frigjøringspolitikk (CPE) i Beograd. (Sjå opptaket her: http://links.org.au/node/3330) CPE vil fremme venstreidear og -analysar, og viktige aktivistperspektiv og aksjonsmetodar i dagens sosioøkonomiske vilkår; gå mot herskande samfunnsverdiar og politikken til det nyliberale systemet i dei såkalla overgangssamfunna.

I tillegg til kunnskapsutveksling slåst CPE for å skape ei felles plattform for å mobilisere grupper som kjempar mot den nyliberale politikken, fagforeiningar, studentar og aktivistar innanfor kunst og kultur; grupper, initiativ, organisasjonar og aksjonar på lokalt, regionalt og internasjonalt nivå. Førelesinga til Michael Lebowitz er del av senterets serie om å sitte fast i periferien, og finansiert av Rosa Luxemburg Foundation. Det er opne diskusjonar rundt sosioøkonomiske og politiske problem i dag, med vekt på historiske prosessar i seinare tid. I mars og april snakka Asbjørn Wahl, Primož Krašovec, Ursula Huws og Catherine Samary, og i mai Goran Musić og Michael Lebowitz.

Michael Lebowitz er professor emeritus i økonomi ved Simon Fraser University i Canada. Han er ein leiande marxistisk forfattar, og har brukt store delar av forskinga si på å undersøke problema knytta til å bygge eit sosialistisk alternativ. Heilt spesielt har han vore seks år frå 2004-2010 i Venezuela som direktør for programmet Endringspraksis og menneskeleg utvikling (Transformative practice and human development) ved International Center Miranda (CIM) i Caracas. Der kunne han delta i å bygge «sosialisme for det tjueførste hundreåret».

* Reflasjon:

"Reflasjonspolitikk innebærer at staten og/eller sentralbanken fører en stimuleringspolitikk for å motvirke deflasjonstendenser, lav økonomisk vekst eller økonomisk tilbakegang.  Typiske tiltak kan være å øke pengemengden, senke renten og gjøre opp statsbudsjettet med underskudd." (Torstein Dahle)

Powered by Drupal - Design by Artinet